Level 3Rekne med løkker

Skrevet av: Tjerand Silde

Oversatt av: Stein Olav Romslo

Kurs: Python
Tema: Tekstbasert
Fag: Matematikk, Programmering
Klassetrinn: 8.-10. klasse, Videregående skole
Bilde av BokmålPå Bokmål

Introduksjon

Ein ting menneske ikkje er så flinke til, men som datamaskiner er ekspertar på, er å gjenta noko mange gonger etter kvarandre. I Python kan me gjere det med løkker, og snart skal du sjå at det kan spare oss for mykje tid og skriving.

Hello World!

La oss ta eit døme der me vil ha Python til å seie Hei! 100 gonger. Sjølvsagt kan du setje i gang med å skrive:

print("Hello World!")
print("Hello World!")
print("Hello World!")
...

Som du forstår vil det ta lang tid. Programmerarar vil gjerne løyse oppgåva så enkelt som mogleg, og difor har ein funne opp løkker som kan gjere det for oss! Koden under løyser problemet me skulle løyse på berre to linjer:

for i in range(100):
    print(i, "Hello World!")

Lurt, ikkje sant?

Range()

Når me skal jobbe med løkker i Python er range-funksjonen svært nyttig. Når du skriv range(10) får du ei liste med tala 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9. Range kan òg ta fleire parametrar. Skriv du range(4, 6), får du ei liste med tala frå 4 til (men ikkje med) 6, og viss du skriv range(6, 4, -1) får du dei same tala i motsett rekkefølgje.

Telje til 10

Bruk ei for-løkke til å skrive ut alle tala mellom 0 og 10.

Liftoff

Bilete av program som teljer ned til liftoff

Summere 100 tal

Eit vanleg problem i matematikk er å summere ei følgje med tal. Dette er veldig lett når ein kan å programmere! Lag ei for-løkke som går frå 0 til 100, som legg saman alle tala før den skriv ut resultatet. Svaret skal bli 5050.

Summere n tal

def summer(n):
    summert = 0
    # Din kode
    return summert

Når koden din er rett skal den fungere slik som dette:

Bilete av summering av talfølgjer med Python
Lisens: CC BY-SA 4.0

Forbedre denne siden

Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!