Flaksefugl
Skrevet av: Omsett frå Code Club UK
Oversatt av: Stein Olav Romslo
Introduksjon
Me skal lage vår eigen versjon av spelet Flappy Bird. Du styrar fuglen Flakse ved å trykke mellomromtasten for å flakse med vengjene. Du må halde Flakse flygande og prøve å styre mellom røra.

Steg 1: Få Flakse til å dette
Me startar enkelt, med å introdusere Flakse og få han til å dette.
Sjekkliste
-
når @greenFlag vert trykt på gå til x: (-50) y: (0) gjenta for alltid endra y med (-3) slutt
Test prosjektet
Klikk det grøne flagget.
Steg 2: Få Flakse til å flyge
No vil me at Flakse skal flyge oppover når du trykkar mellomrom.
Sjekkliste
-
Når [mellomrom v] vert trykt byt drakt til [Venger ned v] gjenta (10) gongar endra y med (6) slutt byt drakt til [Venger opp v] gjenta (10) gongar endra y med (6) slutt
Test prosjektet
Klikk det grøne flagget.
Steg 3: Gjer kontrollen betre
Me vil at Flakse skal reagere kvar einaste gong me trykkar mellomrom. Men når me trykkar mellomrom startar to løkker etter kvarandre. Viss me trykkar mellomrom att før desse to løkkene er ferdige, så skjer det ikkje noko. For å løyse problemet lagar me ein variabel som teller kor mange flaks Flakse skal gjere.
Sjekkliste
-
når @greenFlag vert trykt på set [flaks v] til [0] byt drakt til [Venger opp v] gjenta for alltid gjenta til <(flaks) = [0]> endra [flaks v] med (-1) byt drakt til [Venger ned v] gjenta (10) gongar endra y med (6) slutt byt drakt til [Venger opp v] gjenta (10) gongar endra y med (6) slutt slutt slutt -
når [mellomrom v] vert trykt endra [flaks v] med (1)
Test prosjektet
Klikk det grøne flagget.
Steg 4: Legg til røyra
Me vil leggje til hindringar Flakse kan flyge forbi.
Sjekkliste
Steg 5: Få røyra til å bevege seg
No skal me få røyra til å flytte seg og gjere høgda tilfeldig, slik at me får ei hinderløype for Flakse.
Sjekkliste
-
når @greenFlag vert trykt på gøym set storleik til (200)% gjenta for alltid lag klon av [meg v] vent (2) sekund slutt når eg startar som klon gå til x: (240) y: (tilfeldig tal frå (-80) til (80)) vis gjenta (120) gongar endra x med (-4) slutt slett denne klonen
Test prosjektet
Klikk det grøne flagget.
Steg 6: Finn ut om Flakse krasjar med røyra
For at spelet skal bli vanskeleg må spelaren styre Flakse gjennom åpningane mellom røyra utan å kome borti verken røyr eller kanten av skjermen. Me skal leggje til nokre klossar som merkar om Flakse krasjar.
Sjekkliste
-
når @greenFlag vert trykt på vent til <<rører [kant v]?> eller <rører [Røyr v]?>> start lyden [screech v] sei [Du tapte!] send meldinga [Tap v] stopp [andre skript i figuren v] :: control
-
når eg får meldinga [Tap v] stopp [andre skript i figuren v] :: control
Test prosjektet
Klikk det grøne flagget.
Steg 7: Legg til poeng
Spelaren skal få eitt poeng kvar gong Flakse flyg gjennom ei røyropning.
Sjekkliste
-
når eg startar som klon vent til <(x-posisjon) < ([x-posisjon v] av [Flakse v])> endra [poeng v] med (1) start lyden [bird v]
Test prosjektet
Klikk det grøne flagget.
Lagre prosjektet ditt
Supert, du har laga din eigen enkle versjon av Flappy Bird-spelet!
Her er nokre fleire ting du kan prøve:
Utfordring 1: Legg til tyngdekraft
Når noko dett på grunn av tyngdekrafta aukar farta jo lengre fallet varar. Me skal prøve å etterlikne denne måten å dette på.
-
når @greenFlag vert trykt på set [løft v] til [0] gå til x: (-50) y: (0) gjenta for alltid endra y med (løft) endra [løft v] med (-0.2) slutt -
når @greenFlag vert trykt på set [flaks v] til [0] byt drakt til [Venger opp v] gjenta for alltid gjenta til <(flaks) = [0]> endra [flaks v] med (-1) byt drakt til [Venger ned v] endra [løft v] med (4) vent (0.1) sekund byt drakt til [Venger opp v] vent (0.1) sekund slutt slutt
Test prosjektet
Klikk det grøne flagget.
Utfordring 2: Fall ut av skjermen
Når spelaren tapar vil me at Flakse skal dette ned og ut av skjermen.
-
når eg får meldinga [Fall v] gjenta for alltid snu @turnRight (5) gradar slutt når eg får meldinga [Fall v] gjenta til <(y-posisjon) < [-180]> endra y med (løft) endra [løft v] med (-0.2) slutt gøym send meldinga [Tap v] stopp [andre skript i figuren v] :: control
Test prosjektet
Klikk det grøne flagget.
Test prosjektet
Klikk det grøne flagget.
Lagre prosjektet ditt
Gratulerer, du er ferdig med spelet! Kva er rekorden din?
Ikkje gløym å dele spelet med venene dine. Trykk på Legg ut for at andre skal få prøve!
Forbedre denne siden
Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!









