Level 3HTML: Publiser nettsida di

Skrevet av: Lars Klingenberg

Oversatt av: Stein Olav Romslo

Kurs: Web
Tema: Tekstbasert, Nettside
Fag: Programmering
Klassetrinn: 8.-10. klasse, Videregående skole
Bilde av BokmålPå Bokmål

Publiser nettsida di på Internett

No har du laga din eigen nettstad. Du vil vel vise det fram, gjer du ikkje?

Hugsar du serverane frå den fyrste øykta? Serverar er datamaskiner som alltid er på og kopla til Internett, og dei er sett opp slik at folk kan besøke nettstader som lev på desse datamaskinene.

For å leggje nettsida vår på Internett skal me bruke Github Pages. Det er det Kodeklubben brukar: kodeklubben.github.io. For at du skal kunne gjere det må du fyrst ha ei epost-adresse. Du kan lage din eigen (Gmail), bruke den du har på skulen, eller spørje om å låne foreldra dine sin. Det er viktig at du hugsar kva epost du har brukt, og at du har tilgang på innboksen slik at du får godkjent brukaren på GitHub.

Github

GitHub er ein samarbeidsplattform for oss som driv med programmering. Her kan me leggje ut prosjekt som andre kan hjelpe til med, eller me kan finne eit prosjekt me kan bidra på. Slik kan me enkelt hjelpe, samarbeide og dele med alle andre som driv med programmering i verda. No skal me lage ein GitHub-brukar.

  • §Bilete av GitHub-nettsida

Brukarnamn.github.io

No som me har ein Github-brukar kan me registrere ei github.io-side.

  • Bilete av korleis ein opprettar repository
  • Bilete av korleis velje namn på repository-et
  • No skal me laste ned repository-et eller repo-et vårt, altså oppbevaringsstaden for koden til nettsida vår. Denne koden legg me i ei mappe lokalt på datamaskina vår. I denne mappa legg me inn alle filene som skal brukast til nettsida, og me brukar programmet eller kommandolinja til GitHub for å laste opp kode til ditt-brukarnamn.github.io-sida vår.

  • Bilete av korleis laste ned repository-et

    Viss du er vant til å bruke kommandolinja til Linux eller Mac OS X, så kan du gjere det som står under ...or create a new repository on the command line.

  • Bilete av tillatingar for GitHub
  • For ikkje å øydeleggje noko på kodeklubben.github.io blir dei neste stega vist med brukaren larsfk.github.io.

    Bilete av korleis klone i Gitlab

    No er det endeleg på tide å laste opp den fyrste fila til heimesida!

  • Bilete av GitHub-mappa på skrivebordet
  • Bilete av fila index.html i GitHub-mappa
  • <!DOCTYPE html>
    <html>
        <body>
            <h1>Mi fyrste heimeside!</h1>
            <p>Denne heimesida er laga med GitHub Pages.</p>
        </body>
    </html>
    

No skal me laste opp denne fila til ditt-brukarnamn.github.io.

Oppdater ditt-brukarnamn.github.io

  • Korleis samanlikne endringar med GitHub Desktop

    Når du trykkar på Compare vil Github starte å samanlikne det som ligg i mappa ditt-brukarnamn.github.io med det som ligg på nettsida ditt-brukarnamn.github.io. Alt som er grønt er det som er lagt til og alt som blir raudt er ting som er fjerna. I biletet over er det berre ny kode, difor er koden grøn.

  • Bilete av korleis laste opp med GitHub Desktop

NB! Stega over må du gjere kvar gong du skal oppdatere nettsida di!

Bilete av den nye nettsida!

Gratulerer med ny heimeside! Denne kan du dele med kven du vil ved å sende lenka ditt-brukarnamn.github.io.

Vil du lære meir om GitHub?

GitHub er stort og kan vere komplisert og vrient i starten. Viss du vil lære meir, sjekk ut tipsa under:

Les meir om GitHub her: https://www.atlassian.com/git/tutorials eller på Kodeklubbens wiki.

Søk på GitHub TutorialsYouTube, til dømes GitHub for noobs.

Lisens: CC BY-SA 4.0

Forbedre denne siden

Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!