PXT: Spå framtida med bilete
Skrevet av: Helene Isnes
Oversatt av: Stein Olav Romslo
Introduksjon
I denne oppgåva skal me lage ei liste med bilete, og ved å trykke på port 0 på micro:bit-en skal eit tilfeldig bilete visast på skjermen. Dette kan du bruke til å spå!

Micro:bit-en har fem store tilkoplingar på brettet som me kallar portar. Desse er kopla til store hol og er merka 0, 1, 2, 3V og GND på micro:bit-en.

Me brukar GND-porten for å fullføre ein krins. Viss du heldt på GND-porten med ei hand kan du programmere micro:bit-en til å oppdage at du tek på 0, 1 eller 2 med den andre handa (då brukar du kroppen din til å fullføre ein elektrisk krins). Dette kan du bruke for å få micro:bit-en til å gjere eller vise ulike ting. Du kan òg få micro:bit-en til å sende signal ut gjennom portane. Til dømes kan du programmere micro:bit-en til å sende ut lyd, og viss du koplar på ein høgtalar med krokodilleklemmer kan du høyre på lyden.
Du kan lese meir om portane på micro:bit-en her: microbit.org.
Steg 1: Opprett liste
Klossane vis bilete
og vis ikon
i Basis
let deg vise bilete med ein gong på micro:bit-en, men ein kan òg lagre bilete eller lister av bilete i variablar. I denne oppgåva skal me gjere det siste.
Sjekkliste
let Bildeliste = [images.iconImage(IconNames.Heart), images.iconImage(IconNames.No)]
Steg 2: Vel eit tilfeldig bilete
Når nokon heldt på portane GND og 0 på micro:bit-en skal eit tilfeldig bilete bli valt. Me gjer dette ved å velje eit tilfeldig tal og lagre det i ein variabel.
Sjekkliste
Elementa (her: bileta) i ei liste er nummererte. Det fyrste elementet har nummer 0, neste nummer 1 osb. Viss lista di har 5 bilete er dei nummererte 0, 1, 2, 3, 4. Derfor må me velje eit tilfeldig tal mellom 0 og lengda av lista -1.
input.onPinPressed(TouchPin.P0, function () { let Bildeliste: Image[] = [] Tilfeldig_bildenummer = Math.randomRange(0, Bildeliste.length - 1) })
Kan ein ikkje berre velje eit tilfeldig tal frå 0 til 4, tenker du kanskje? Jo, det kan du. Men no kan du leggje til fleire bilete i lista utan å måtte oppdatere reisten av koden. Dette trikset er nyttig når ein har lang kode og store lister, så det er greitt å lære seg først som sist.
Steg 3: Vis bilete
No skal me vise biletet med det valte biletenummeret på micro:bit-en.
Sjekkliste
Hadde me lagra eit bilete i ein variabel hadde me brukt den variabelen til å erstatte myImage
no. Men her må me hente ut eit element (bilete) frå lista i staden.
Test prosjektet
No har du laga alt du treng!
Utfordring
Fleire idear
Forbedre denne siden
Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!