Python: Retningar
Skrevet av: Omsett frå microbit-micropython.readthedocs.io
Oversatt av: Stein Olav Romslo og Susanne Rynning Seip
Denne oppgåva er ein del av oppgåvesamlinga "Programmering i micro-python" og byggjer vidare på Python: Rotasjon og fall.
Me tilrår at du lastar ned og skriv koden din i mu editor når du jobbar med desse oppgåvene. Instruksjonar for korleis ein lastar ned Mu finn du på nettsida via linken.
Når Mu er installert kan du kople micro:biten din til datamaskinen via ein USB-kabel. Skriv koden din i editor-vindauget og trykk på “Flash”-knappen for å laste koden over på micro:biten. Dersom det ikkje fungerer, sørg for at micro:biten har dukka opp som ei USB-eining på datamaskinen din.
Introduksjon
Visste du at micro:bit-en inneheldt eit kompass? Viss du nokon gong skal lage ein værstasjon kan du bestemme vindretninga, eller du kan navigere deg gjennom Amazonas.
Kompass
Eit bruksområde for kompasset er å fortelje deg kva retning som er nord:
from microbit import *
compass.calibrate()
while True:
needle = ((15 - compass.heading()) // 30) % 12
display.show(Image.ALL_CLOCKS[needle])
Merk
Du må kalibrere kompasset før det kan gjere målingar. Viss du gløymer å gjere dette vil kompasset berre vise tull. Metoden calibration
køyrer eit kjekt lite program som hjelper micro:bit-en å finne ut kor den er i høve til jorda sitt magnetfelt.
For å kalibrere kompasset må du snu rundt på micro:bit-en til ein sirkel av pikslar er teikna på kanten av displayet.
I reisten av oppgåva skal me prøve å bryte ned kva koden over gjer, sidan det kan vere vanskeleg å forstå detaljane i ein gong.
Activity checklist
No skal me sjå nærare på kva compass.calibrate()
gjer.
from microbit import *
compass.calibrate()
while True:
display.scroll(str(compass.calibrate()))
from microbit import *
display.show(Image.ALL_CLOCKS[A])
from microbit import *
display.show((15 - A // 30) % 12)
Gratulererer! Viss du har klart å løyse oppgåvene over er du klar til å gå ut og utforske verda med kompasset ditt!
Neste oppgåve i samlinga er Python: Input og output. Klikk vidare for å halde fram gjennom samlinga.
Forbedre denne siden
Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!