Level 2Bruke data: Jente- og gutenamn

Skrevet av: Geir Arne Hjelle

Oversatt av: Stein Olav Romslo

Kurs: Scratch
Tema: Blokkbasert
Fag: Matematikk, Norsk
Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse
Bilde av BokmålPå Bokmål

Introduksjon

Her skal me sjå korleis me kan bruke namnelister frå Statistisk Sentralbyrå i Scratch. Kanskje katten klarar å finne skilnaden på jente- og gutenamn?

Illustrasjon av katten Felix som skil mellom jente- og gutenamn

Steg 1: Statistisk Sentralbyrå sine namnelister

La oss sjå på namnelistene til Statistisk Sentralbyrå. Desse viser kor mange i Noreg som får kva namn, både i dag og tidlegare.

checkSjekkliste

  • Du kan prøve andre namn. Sjå på grafen over historisk utvikling for namnet Sonja. Det har to veldig tydelege toppar, ein på 1920-talet og ein til på 1960-talet. Kan du forklare dette?

  • Her er me berre interessert i sjølve namnelistene, ikkje alle tala som seier noko om kvart namn. Du kan difor slette alle kolonnene med tal.

  • Bilete av rekneark med kolonne for jente- og gutenamn

Steg 2: Hent namnelistene inn i Scratch

No kan me lese namnelistene inn i Scratch.

checkSjekkliste

  • Bilete av namnelistene i Scratch

Data i Scratch

Vanlegvis må ein skrive inn alle slike data i lister sjølv for å bruke dei i Scratch. Ved hjelp av dataverktøyet kan du lese inn mykje data som du eller nokon andre allereie har laga.

Har du idear til andre data du vil lese inn på same måte?

Steg 3: Bruk namnelistene

No skal me skrive eit lite program som brukar namnelistene. Målet er å få katten vår til å sjå skilnaden på jente- og gutenamn.

checkSjekkliste

  • spør [Skriv eit namn] og vent
    set [Namn v] til (svar)
    
  • spør [Skriv eit namn] og vent
    set [Namn v] til (svar)
    viss <[Jentenamn v] inneheld (Namn)?>
        sei (set saman (Namn) [ er eit jentenamn]) i (2) sekund
    slutt
    

flagTest prosjektet

Klikk på koden din.

checkSjekkliste

Prøv sjølv

Lisens: CC BY-SA 4.0

Forbedre denne siden

Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!