CSS: Skjul ninjaane
Skrevet av: Omsett frå Code Club UK
Oversatt av: Stein Olav Romslo
Introduksjon
Denne oppgåva skal utvide talenta dine i CSS-kungfu.
I denne oppgåva skal du lære korleis du kan flytte rundt på element og gøyme elementa bak andre element ved hjelp av CSS.
Fem ninjaar kom til byen, og du må skjule dei før nokon legg merke til dei. Ved å bruke dine eigne ninja-linande CSS-kunnskapar må du hjelpe dei å finne ein sikker gøymestad. Du kan flytte ninjaane sjølv, i tillegg til nokre objekt på gata. Fort - det er inga tid å miste!

Steg 1: Møt ninjaane
Kom igjen – la oss flytte ein ninja!
Alle ninjaane har fått sitt eige namn ved bruk av id-attributten. La oss flytte "Alex The Ninja" fyrst
Når position-eigenskapane er sett til absolute meiner me at det beskriv posisjonen samanlikna med foreldreelementet til ninjaen - her er det <div> med id gatehjoerne.
px betyr pixel (punkter). left beskriv kor langt frå venstrekanten ninjaen skal plasserast (antal pikslar) og top forteller nettleseren hvor langt ninjaan skal flyttes ned fra toppen.
Pixel er en måleenhet som vi bruker til å forklare hvor stort et element skal være eller hvor det skal plasseres på siden. Hvis du endrar right frå 100px til 101px, så ser me at den ikkje blir flytta veldig langt. Difor gjer pikslar det enklare for oss å designe nettsida så detaljert me vil.
Steg 2: Ein annan måte å flytte på
No veit du korleis du brukar piksel-posisjonering. Det er ikkje den einaste måten å beskrive plassering på skjermen, så la oss sjekke nokre andre moglegheiter. Me skal sjå på korleis me kan bruke %, det ser slik ut:
#id{
left: 100%;
top: 100%;
}
100% tyder heile breidda som er tilgjengeleg på skjermen. Når me plasserar ninjaar og andre objekt i forhold til gatehjornet, som er 600 pikslar brei, så vil 100 % være lik 600px i dømet vårt. Viss me hadde laga eit større gatehjørne, til dømes 800 pikslar breitt, så ville 100% vere ei breidde på 800px. Avhengig av samanhengen så kan storleiken beskrive i prosent (%) ha ulike tydingar.
Steg 3: Endå ein storleikstype
Som om me ikkje har nok storleikstypar skal me prøve endå ein! Du veit korleis du kan bruke pikslar (px) og prosent (%). La oss prøve em.
Em er ei måleeining som me låner frå typografi, som handlar om utsjånad på bokstavar og tekst. Ein em er det same som den gjeldande skriftstorleiken. Legg merke til at på toppen av CSS-en definerte me font-size i body-taggen som 20px, så ein em er 20px i fila vår.
Som du ser endrar høgda og breidda seg på alle element som brukar em-verdiar når me endrar em til 30 pikslar.
Steg 4: Flytt figurar framover
Før me skal begynne å gøyme ninjaane skal me studere ein ting til: z-index.
Z-index skal du finne to stader: i klassa .ninja og i ID-en #andre_gjenstandar. Z-index bestemmer kva element som ligg fremst på sida, altså kva element som skal liggje oppå dei andre. Me ser at #andre_gjenstandar har ein verdi på 200 og .ninja har ein verdi på 1. Dette tyder at ninjaane vil leggje seg bak dei andre elementa, sidan dei har høgare z-index-verdi.
Her er eit bilete som beskriv z-index:

Døme:
#andre_objekt{
z-index: 1;
}
.ninja{
z-index: 2;
}
Steg 5: Fort deg, skjul ninjaane!
Her er det ingen fasit, så du må leggje til og endre kode slik at du får gøymt ninjaane. Viss du står fast bør du lese oppgåva på nytt, eller prøve å finne hjelp på w3schools.com. Det ligg eit døme på løysing nedst i denne oppgåva.
LYKKE TIL!
Ting du kan prøve
Døme på kode

Forbedre denne siden
Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!








