Level 2CSS: Endre utsjånad og stil på tekst

Skrevet av: Arve Seljebu

Oversatt av: Stein Olav Romslo

Kurs: Web
Tema: Tekstbasert, Nettside
Fag: Programmering, Kunst og håndverk, Norsk
Klassetrinn: 8.-10. klasse, Videregående skole
Bilde av BokmålPå Bokmål

Introduksjon

I denne oppgåva skal me jobbe vidare med skrift, storleikar og fargar. Me skal utforske ulike skrifttypar, sjå på bakgrunnsfargar og me skal setje CSS på bilete.

Denne oppgåva byggjer på førre oppgåve, CSS: Style nettsider, så viss du ikkje har gjort den anbefalar me å gjere den fyrst. Me skal nemleg fortsetje på koden frå den oppgåva. Eventuelt kan du kopiere koden som ligg nedst på sida der.

Steg 1: Fontar og tekststiler

Me kan endre utsjånaden på teksten ved å endre skrifttypen eller fonten som det heiter. Dei mest vanlege fontane heiter:

  • Arial

  • Courier New, Courier

  • Garamond

  • Georgia

  • Lucida Sans, Lucida Grande, Lucida

  • Palatino Linotype

  • Tahoma

  • Times New Roman, Times

  • Trebuchet

  • Verdana

Det er ikkje alle fontar som finst på alle datamaskiner, så me bør alltid gi ein reservefont òg. Det skal me sjå på etterpå.

Ein font har ein stil, dei som oftast blir brukt er sans serif eller serif. Under kan du sjå skilnaden på sans serif og serif. Som du ser er det ikkje store skilnaden, men det utgjer ein liten forskjell for lesaren, nokon er enklare å lese enn andre.

Sans-serif vs. serif

La oss prøve å endre fonten på overskrifta ved å bruke font-family-eigenskapane. Viss du ikkje har index.html frå CSS: Style nettsider kan du hente koden ved å kopiere den frå nedst i CSS: Style nettsider-oppgåva.

Merk! I CSS-en har me font-family: font, skriftstil. Altså har me namnet på fonten, etterfølgd av kva stil me vil at den skal ha, sans-serif eller serif.

h1 {
  color: red;
  background-color: black;
  font-size: 72px;
  text-transform: uppercase;
  text-decoration: underline;
  text-decoration: blink;
  font-family: impact, sans-serif;
}
p {
  font-family: georgia, 'times new roman', serif;
}

Som du ser over står det to skrifttypar etter kvarandre, georgia og times new roman. Dette fortel CSS-en at georgia er førstevalet, og viss denne ikkje finst på maskina til personen som åpnar nettsida, så skal den velje times new roman. Times new roman blir difor reservefonten.

Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.

Prøv med ulike fontar og sjå kven du likar best. Legg merke til at viss namnet på fonten består av fleire ord, så må du skrive namnet i hermeteikn, som "times new roman".

Du har heilt sikkert andre fontar på datamaskina di enn dei som er nemnt over. Prøv å åpne programmet Word eller Pages og sjå alle fontane du har på datamaskina di.

Skjermbilete av fontar
  • Viss du finn ein du likar, prøv om du kan bruke den på nettsida!

Du kan òg lage teksten som feit, kursiv eller begge delar ved hjelp av font-stileigenskapar. La oss forandre epostteksten (hugs at me finn den inne i a-taggen).

a {
  font-weight: bold;
}

Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.

Me kan setje teksten til kursiv.

a {
  font-style: italic;
}

Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.

Me kan til og med bestemme kor feit skrifta skal vere ved å bruke eigenskapen font-weight. Den brukar verdiar som normal, bold, bolder, lighter. Du kan òg bruke tal som 100, 200, 300, 400, 500, 600, 700, 800, og 900, der 100 er den tynnaste og 900 er den tjukkaste. Normal tekst er det same som verdien 400, feit er det same som 700. Derimot har ikkje alle fontar desse verdiane. Så for å vere på den sikre sida er det lurt å bruke normal eller bold og så bortetter. Overskrifter er vanlegvis sett til feit skrift som standard. Men viss du til dømes ikkje ynskjer at h2 ikkje skal vere feit må du skrive følgjande:

h2 {
  font-weight: normal;
}

Prøv det!

Steg 2: Kantlinjer!

La oss leggje til ei kantlinje eller ei ramme rundt eit bilete.

img {
  border-color: green;
  border-width: 5px;
  border-style: solid;
}

border-color bestemmer kva farge ramma eller kantlinja rundt biletet skal ha.

border-width er tjukkleiken på ramma som går rundt biletet.

border-style er stilen på linja. Denne kan òg vere: dashed, dotted, double, groove, ridge, inset, outset.

Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.

Fann du ein stil du likar?

Ting å prøve ut

Steg 3: ID-ar og klasser

Me ynskjer å lage eit kontaktavsnitt som er utheva. Me kan ikkje bruke <p>-taggen fordi det vil endre alle andre avsnitt òg. For å gjere det må me leggje til ein stil for dei paragrafane me vil at skal vere utheva. For å gjere dette kan me bruke noko som kallast ID. Denne ID-en gjer at me berre endrar stil på dei taggane som har same ID. Me må endre HTML-koden vår så den ser slik ut:

<p id="utheva">Har du sett Felix? Ver snill og kontakt eigaren hans på <a href="mailto:egarentilfelix@email.com">eigarentilfelix@email.com</a></p>

Ved å setje stil på ein ID brukar vi # framfor ID-namnet i CSS-en:

#utheva {
  font-weight: bold;
  color: red;
}

Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.

Ein ID er unik og kan berre bli brukt ein gong per side. Så kva gjer me viss du vil ha to avsnitt med større skrift? Det kan du løyse ved å bruke klasser. Det fyrste me må gjere er å gi avsnitta eit klassenamn, litt på same måte som me sette ein ID, men no brukar me class.

<p class="stor">Han forsvann frå hagen i går.</p>
<p class="stor"><strong>Takk!</strong></p>

Så set me stilen slik at teksten er større for alle avsnitt med class="stor" (legg merke til at me brukar . i staden for #):

.stor {
  font-size: 24px;
}

Det same kan du gjere med <div>- og HTML5-taggane me brukte i oppgåva HTML: Del inn nettsida.

Ting du kan prøve

Døme på korleis det kan sjå ut

Døme på korleis sida kan sjå ut

Skjermbilete 1

Skjermbilete 2

Koden for dømet over:

<!doctype html>
<html lang="no">
<head>
    <meta name="author" content="#">
    <meta charset="UTF-8">
    <meta name="description" content="Ei side laga for å finne katten Felix">
    <meta name="keywords" content="Felix, katt, forsvunne">
    <title>Katten Felix er forsvunne</title>

  <!--- CSSen for sida -->
  <style>

    body{
      background-color: #F8FAF4;
      text-align: center;
    }

    h1{
      color:red;
      background-color:black;
      font-size:72px;
      text-transform: uppercase;
      text-decoration: underline;
      text-decoration: blink;
      font-family: impact, sans-serif;
    }

    h2{
      font-weight: normal;
    }

    p {
      font-family: georgia, 'times new roman', serif;
    }

    img {
      border-color: green;
      border-width: 5px;
      border-style: solid;
    }

    span {
      color:orange;
    }

    a {
      font-weight: bold;
      font-style: italic;
    }

    #utheva{
      font-weight: bold;
      color: red;
    }

    .stor{
      font-size: 24px;
    }
  </style>

</head>
<body>
<!-- Dette er eit Kodeklubb-prosjekt. Felix er ikkje ekte og er ikkje borte. -->
    <h1>Forvunne</h1>
    <h2>Katten Felix</h2>
    <img src="http://kodeklubben.github.io/web/forsvunnet_katt/missingcat.png"
      alt="bilete av Felix" width="400">
    <p>Felix er ein veldig snill katt. Han likar å kose, sitje framfor
      varmepumpa og leikemusa si. Pelsen hans er <span>oransje</span>. </p>
    <p class="stor">Han forvann frå hagen i går.</p>
    <p id="utheva">Har du sett Felix? Ver snill og kontakt eigaren hans på <a
      href="mailto:eigarentilfelix@email.com">eigarentilfelix@email.com</a></p>
    <p class="stor">Takk!</p>
</body>
</html>
Lisens: CC BY-SA 4.0

Forbedre denne siden

Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!