Level 2Fyrverkeri

Skrevet av: Omsett frå Code Club UK

Oversatt av: Stein Olav Romslo

Kurs: Scratch
Tema: Blokkbasert, Spill, Animasjon
Fag: Matematikk, Kunst og håndverk
Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse
Bilde av BokmålPå Bokmål

Introduksjon

I dette prosjektet skal me skyte opp fyrverkeri over ein by.

Bilete av ein rakett over ein by

Førebuingar: last ned biletefiler

Du kan godt få hjelp frå ein vaksen til å gjere den fyrste delen.

checkSjekkliste

Steg 1: Lag ein rakett som flyg mot musepeikaren

Me startar med å importere bilete me skal bruke i spelet.

checkSjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    

No vil me gjerne at raketten skal bevege seg mot musepeikaren når du trykkar på mellomromtasten.

  • når [mellomrom v] vert trykt
    vis
    gli (1) sekund til x: (mus x) y: (mus y)
    

flagTest prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

checkSjekkliste

Fyrverkeri brukar ikkje å fly frå side til side, så du ber gjere det slik at raketten alltid flyg mot musepeikaren frå botnen av skjermen.

  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    
    når [mellomrom v] vert trykt
    gå til x: (mus x) y: (-200)
    vis
    gli (1) sekund til x: (mus x) y: (mus y)
    

flagTest prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

checkSjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    gjenta for alltid
        viss <museknappen er trykt?>
            gå til x: (mus x) y: (-200)
            vis
            gli (1) sekund til x: (mus x) y: (mus y)
        slutt
    slutt
    

flagTest prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Utfordringar

Steg 2: Få raketten til å eksplodere

No skal me få raketten til å eksplodere med eit digert smell!

checkSjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    gjenta for alltid
        viss <museknappen er trykt?>
            gå til x: (mus x) y: (-200)
            start lyden [bang v]
            vis
            gli (1) sekund til x: (mus x) y: (mus y)
            gøym
        slutt
    slutt
    
  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    gjenta for alltid
        viss <museknappen er trykt?>
            gå til x: (mus x) y: (-200)
            start lyden [bang v]
            vis
            gli (1) sekund til x: (mus x) y: (mus y)
            gøym
            send meldinga [Eksploder v]
        slutt
    slutt
    

flagTest prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

checkSjekkliste

  • når eg får meldinga [Eksploder v]
    gøym
    gå til x: ([x-posisjon v] av [rocket v]) y: ([y-posisjon v] av [rocket v])
    vis
    vent (1) sekund
    gøym
    

flagTest prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Steg 3: Gjer kvar eksplosjon unik

No skal me lage variantar slik at ikkje alle eksplosjonane ser like ut.

checkSjekkliste

  • når eg får meldinga [Eksploder v]
    gøym
    set [farge v]-effekt til (tilfeldig tal frå (1) til (200))
    gå til x: ([x-posisjon v] av [rocket v]) y: ([y-posisjon v] av [rocket v])
    vis
    vent (1) sekund
    gøym
    

flagTest prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

checkSjekkliste

  • når eg får meldinga [Eksploder v]
    gøym
    neste drakt
    set [farge v]-effekt til (tilfeldig tal frå (1) til (200))
    gå til x: ([x-posisjon v] av [rocket v]) y: ([y-posisjon v] av [rocket v])
    set storleik til (5) %
    vis
    gjenta (20) gongar
        endra storleik med (5)
    slutt
    vent (1) sekund
    gøym
    

flagTest prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

Utfordringar

Prøv å gjere kvar eksplosjon endå meir unik. Endre storleiken og kor raskt eksplosjonen veks.

Steg 4: Fiks "send melding"-feilen

Hugsar du at me har eit problem dersom me heldt museknappen nede?

Problemet skjer fordi raketten sender meldinga si om eksplosjonen og gjentek viss-løkka med ein gong. Dermed blir eksplosjonsmeldinga sendt før den førre er ferdig med animasjonen sin.

I programmeringsverda kallar me denne typen problem for bugs fordi i gamle dagar var datamaskinene så mykje større at ein kunne få problem med at innsekt vart fanga inne i datamaskina og øydela programmet.

checkSjekkliste

  • når @greenFlag vert trykt på
    gøym
    gjenta for alltid
        viss <museknappen er trykt?>
            gå til x: (mus x) y: (-200)
            start lyden [bang v]
            vis
            gli (1.5) sekund til x: (mus x) y: (mus y)
            gøym
            send meldinga [Eksploder v] og vent
        slutt
    slutt
    

flagTest prosjektet

Klikk på det grøne flagget.

saveLagre prosjektet

Gratulerer, du er ferdig! No kan du kose deg med spelet!

Ikkje gløym å dele spelet ditt med venene og familien din! Klikk på Legg ut i menylinja.

Forbedre denne siden

Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!