HTML: Me byggjer heimeside
Skrevet av: Omsett frå Code Club UK
Oversatt av: Stein Olav Romslo
Introduksjon
I oppgåva Introduksjon til Web kan du lære om HTML-taggar, og i denne oppgåva skal du bruke dei i den fyrste heimesida di! La oss starte med ein gong!
Steg 1: Åpne sida som heiter "Om meg"
Aktivitetar
Steg 2: Lag ei heimeside om deg sjølv
Om å gjere feil
Feil skjer ofte. Det er veldig lett å gjere dei i HTML fordi du må hugse å lukke kvar tag, og åpnings-taggen og avslutnings-taggen er litt ulike. La oss prøve å gjere nokre feil for å sjå korleis nettlesaren handterer det. Den kjem til å prøve å forstå meininga av koden vår, sjølv om me ikkje har skrive den perfekt.
Aktivitetar
Kva skjedde? Sidan nettlesaren ikkje veit kva du meiner med taggen, så kan den ikkje forstå at det er ei overskrift. Då brukar den heller ikkje større tekst til å vise kor viktig akkurat denne teksten er.
Inne i <img>-taggen har me src- og alt-attributtar:
<img src="katt.png" alt="Katt">
src er der biletet blir henta frå og kva det heiter. I dette tilfellet ligg biletet på same stad som om_meg.html. Hadde biletet vore i ei anna mappe måtte me ha spesifisert det, til dømes slik: bilete/katt.png.
alt er ein tekst som kjem til syne viss biletet ikkje visast. Dette gjer at til dømes blinde kan få lest opp kva det er bilete av ved hjelp av ein skjermlesar. Bileteteksten kan òg hjelpe deg å finne feil viss eit bilete ikkje kjem til syne på nettsida di.
<img src="katt.png" alt="Katt />
Den neste taggen forsvann. Kvifor? Nettlesaren vil tru at alt etter alt =" og før neste hermeteikn er ekstra tekst for dette biletet, inkludert slutten av biletekoden og den neste åpnings-taggen.
No har me gjort nokre vanlege feil, og me har sett at nokre gonger kan ein enkel feil gjere at nettlesaren ikkje forstår kva me vil. Men mesteparten av tida vil nettlesaren prøve å vise oss noko likevel. Me såg at nettlesaren viste oss tekst sjølv om den ikkje forsto at det skulle vere ei overskrift. Så den hjelper oss litt undervegs og prøver å vise det me lagar så godt den kan. Men me har òg sett at enkelte feil gjer den veldig forvirra.
Steg 3: Lag ei ny side og lenk til den
La oss lage ei ny side. Åpne om_meg_side_2.html. Den har litt mindre kode enn den andre sida du jobba med, men du kan heilt sikkert leggje til meir kode sjølv no.
Utfordringar til deg:
Er du ferdig? Flott! No skal me lenke saman dei to sidene du har laga.
Når me har lenka til delar av den same sida har me berre lenka til ein bestemt ID på sida, slik som dette:
<a href="#kattunge"> Klikk for å sjå ein kattunge </a>
som då tok deg til noko som dette:
<div id="kattunge">
<img src="kattunge.jpg" alt="Dette er ein kattunge." />
</div>
Viss du vil lenke til ei anna side treng du ikkje å ta med #, men du må seie kva fil du vil lenka skal ta oss til.
Så for å lenke frå om_meg_side_2.html til om_meg.html skriv me dette:
<a href="om_meg.html"> Gå til "Om meg"-sida </a>
Du kan endre ankerteksten til noko anna, til dømes tittelen på sida viss du endra den.
For å lenke tilbake frå om_meg.html til om_meg_side_2.html må du skrive det slik:
<a href="om_meg_side_2.html"> Gå til den andre sida mi </a>
Gratulerer! Du har laga din eigen nettstad!
Ting du kan prøve
Forbedre denne siden
Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!








