CSS: Style nettsider
Skrevet av: Arve Seljebu
Oversatt av: Stein Olav Romslo
Introduksjon
No skal me lære å endre på stilen på nettsider. I denne oppgåva forventar me at du har gjort HTML-oppgåvene (i oppgåvesamlinga Intro til web) eller er litt kjent med HTML frå før.
I denne og neste oppgåve skal me lære oss korleis du endrar farge, tekst, storleik og meir! Dette gjer me ved å lære oss å bruke eit språk som heiter CSS (som står for Cascading Style Sheets). Det er eit veldig enkelt språk å lære. La oss starte.
Resultatet kjem til å sjå ut som dette:


Steg 1: Korleis fungerer CSS?
Det finst mange måtar å lage stilar på. Ein av dei er inline der du skriv stilen rett inn i ein tag, som dette:
<p style="color:red">Tekst som er raud</p>
Ein annan måte er å lage ei eiga .css
-fil og referere til den i <head>
:
<head>
<link rel="stylesheet" type="text/css" href="namn_på_css_filen_din.css">
</head>
I dag skal me bruke den siste metoden, nemleg å leggje stilane i <head>
slik:
<head>
<style>
/* Her skal me skrive CSS-en */
</style>
</head>
På denne måten slepp me å handtere fleire filer, me kan ha alt me treng i éi fil.
<style>
</style>
Alle stilar skal leggjast mellom desse elementa. Generelt ser CSS-kode slik ut:
selector {
property: value;
}
Selektorar kan vere HTML-element som h1
, p
, img
, a
, eller id
-ar og klasser
, men desse skal me sjå på seinare. Selektorar brukast for å fortelje CSS-en kva HTML-objekt me skal setje stil på. Kva stil selektoren får avhenger av kva ein set som property
og value
.
Property
eller attributt
er gjerne ein eigenskap ein kan tildele selektoren, saman med ein verdi, value
. Døme på property
og value
kan vere color: blue;
, background-color: red;
og font-family: "Times New Roman", Serif;
.
Viss du ikkje finn dei må du få gjelp av nokon til å finne dei for deg, for desse er viktige. Viss du ikkje har med { }
, :
eller ;
på dei riktige stadene, så vil ikkje HTML-koden din få stil. Difor er det viktig at du allereie no veit kor du finn { }
, :
og ;
på tastaturet.
Steg 2: Legg til farge
Visste du at CSS vart funne opp av ein norsk gut? Det er litt kult!
La oss endre h1
til å vere raud
i staden for svart
ved hjelp av property-en color
:
<style>
h1 {
color:red;
}
</style>
NB! Hugs å setje ;
etter value
.
Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.
Overskrifta di skal vere raud! Det finst ulike måtar å representere ei farge på. Me har 16 grunnleggjande fargenamn: aqua
, black
, blue
, fuchsia
, gray, green
, lime
, maroon
, navy
, olive
, purple
, red
, silver
, teal
, white
og yellow
.
Dei fleste nettlesarar støttar i tillegg 130 andre fargenamn. Du finn heile lista i alfabetisk rekkefølgje på http://www.w3.org/TR/css3-color/#svg-color. Er favorittfarga di i lista?
Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.
Steg 3: Gi farge til spesifikke element
Kva viss me vil gjere sånn at ordet oransje
i setninga Pelsen hans er oransje
får oransje farge? Ikkje heile setninga, men akkurat det ordet. Då brukar me ein tag som heiter <span>
. Me legg taggen rundt ordet me vil setje farge på slik:
<span>oransje</span>
I <head>
kan me no gjere alle <span>
-taggane oransje slik:
span {
color:orange;
}
Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.
Steg 4: La oss endre bakgrunnen
Me kan leggje til farge på bakgrunnen òg, ikkje berre på teksten. Til dømes:
body {
background-color: #D2FAFC;
}
Dette vil gjere heile bakgrunnen blå.
Prøv no:
h1 {
background-color:black;
}
Sidan me allereie hadde ein h1
deklarert i fila kan me berre setje inn property-en background-color
saman med color
, me treng ikkje å skrive alt om att.
h1 {
color:red;
background-color: black;
}
Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.
Legg merke til at berre bakgrunnen til h1
blir svart, og ikkje heile sida. For å få heile sida svart må me leggje til bakgrunnsfarge på body
, som vist over.
Steg 5: Moro med tekst
Kanskje tittelen burde vere større og med store bokstavar. Me kan spesifisere storleiken på teksten ved å bruke font-size
. Verdiane kan vere ulike, men dei mest brukte er 12, 14, 16, 32, 48 og 72 pikslar.
h1 {
color:red;
background-color:black;
font-size:72px;
}
-
text-decoration:underline;
Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.
Vart det veldig forskjellig?
For dei som brukar Firefox eller Chrome som nettlesar.
Det finst ein annan verdi for text-decoration
, blink
. Du får ikkje vite kva den gjer her, du må teste det sjølv. Prøv å leggje til text-decoration:blink;
(det blir fort litt masete, men det er lov å gå tilbake til underline
viss du vil).
Steg 6: Sentrere tekst (og bilete) horisontalt
All teksten vår visast heilt borte til venstre. Me kan endre det gjennom å bruke text-align:center
(ein kan bruke right
(høgre) og left
(venstre) òg).
- For denne nettsida vil me at all teksten skal vere sentrert. Då kan me skrive:
body {
background-color: #F8FAF4;
text-align: center;
}
Merk at den engelske måten å stave senter på er center
.
La du merke til at alt på nettsida vart sentrert når me har lagt til text-align:center
i seksjonen <body>
? Det er fordi alt innanfor elementet <body>
får stilen. Dette skjer når eit element er innanfor eit anna, som dette her:
<p>Har du sett Felix? <em>Ver snill</em> og kontakt eigaren hans</p>
Teksten "Ver snill" vil ha stilen frå elementet <p>
med stilen frå elementet <em>
lagt på. Det er grunnen til at språket har namnet cascading - stilane blir vidareført frå eit element til alle elementa som er inni det. Men ver forsiktig, nokre stilar blir ikkje vidareført!
Lagre prosjektet ditt og åpne det i nettlesaren for å sjå korleis det ser ut.
Steg 7: Koden me har til no
Resultat:


Koden:
<html lang="no">
<head>
<meta name="author" content="#">
<meta charset="UTF-8">
<meta name="description" content="Ei side laga for å finne katten Felix">
<meta name="keywords" content="Felix, katt, forsvunne">
<title>Katten Felix er forsvunne</title>
<!---CSS-stilen til sida --->
<style>
body{
background-color: #F8FAF4;
text-align: center;
}
h1{
color:red;
background-color:black;
font-size:72px;
text-decoration: uppercase;
}
span {
color:orange;
}
</style>
</head>
<body>
<!-- Dette er eit Kodeklubb-prosjekt. Felix er ikkje ekte og er ikkje borte. -->
<h1>Forsvunne</h1>
<h2>Katten Felix</h2>
<img src="http://kodeklubben.github.io/web/forsvunnet_katt/missingcat.png"
alt="bilete av Felix" width="400">
<p>Felix er ein veldig snill katt. Han likar å kose, sitje framfor
varmepumpa og leikemusa si. Pelsen hans er <span>oransje</span>. </p>
<p>Han forvann frå hagen i går.</p>
<p>Har du sett Felix? Ver snill og kontakt eigaren hans på <a
href="mailto:eigarentilfelix@email.com">eigarentilfelix@email.com</a></p>
<p><strong>Takk!</strong></p>
</body>
</html>
Vidare arbeid
Forbedre denne siden
Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!