Level 4Lag di eiga nettside

Skrevet av: Arve Seljebu

Oversatt av: Stein Olav Romslo

Kurs: Web
Tema: Tekstbasert, Nettside
Fag: Programmering, Kunst og håndverk, Norsk
Klassetrinn: 8.-10. klasse, Videregående skole
Bilde av BokmålPå Bokmål

Introduksjon

I denne oppgåva skal du lage di eiga nettside! Du skal sjølv bestemme kva du vil at nettsida skal handle om, og du skal lage innhaldet sjølv (tekst, bilete, videoar og så bortetter).

Tips!

Dersom du ikkje har gjort de allereie, tilråder me å ta ein titt på oppgåvane i samlinga Intro til web før du set i gang med denne oppgåva:

Steg 1: Utforming av nettsida

Kva skal nettsida di handle om? Kanskje du vil at den skal vere om deg sjølv, favorittdyret ditt, ein hobby du har eller favorittfaget ditt. Det er heilt opp til deg! Kva vil du dele med reisten av verda?

Nokon likar å lage ei skisse av nettsida med ein blyant før ein startar å kode. Andre likar å starte rett på kodinga og berre prøve seg fram.

Du må tenke gjennom kva slags innhald du vil ha på nettsida. Viss du skriv om ein hobby du har, kva trur du andre vil vite om den? Har du bilete eller video? Viss du ikkje har bilete kan du alltids lage ei teikning.

Steg 2: Koding av nettsida

Bruk kunnskapen du har tileigna deg i dei førre oppgåvene til å kode nettsida di. Rettleiarane kan vise deg korleis du legg til lyd og video på nettsida. Spanande!

Hugs å lagre arbeidet ditt så du kan vise det til venene og familien din seinare!

Lisens: CC BY-SA 4.0

Forbedre denne siden

Funnet en feil? Kunne noe vært bedre?
Hvis ja, vennligst gi oss tilbakemelding ved å lage en sak på Github eller fiks feilen selv om du kan. Vi er takknemlige for enhver tilbakemelding!